
Kjell Helge Kleppestø
Fagansvarleg
Kjell Helge er cand.polit. med hovudfag i pedagogikk og har lang erfaring med utvikling av karriererettleiing og karrierekompetanse i Noreg. Han har mellom anna leidd oppbygginga og utviklinga av Karriere Hordaland og seinare Karriere Vestland, og har brei erfaring frå offentleg sektor, næringsliv, UH-sektoren og internasjonale prosjekt.
Han har særleg kompetanse på utvikling av heilskaplege karriererettleiingstenester og på korleis ungdom kan utvikle kompetanse til å gjere gode og reflekterte utdannings- og yrkesval. Kjell Helge er òg forfattar av faglitteratur og arbeidsbøker for ungdom innan karriererettleiing og karrierelæring.
I 2018 deltok han i Kompetanse Noreg, no HK-dir, sitt arbeid med å utvikle det nasjonale kvalitetsrammeverket for karriererettleiing.
I dag arbeider Kjell Helge som sjølvstendig rådgjevar, underviser og leier utviklingsprosjekt med mål om å styrkje karrierekompetansen til ungdom og vaksne. Erfaringa hans med karrierelæring og utvikling av gode valprosessar gjer han til ein sentral fagressurs i arbeidet vårt med Utdanningsval.
